Parat
16.08.2022
KOMMENTAR: Eit travelt eventyr er no over for meg i Parat UNG. Eg og styret mitt har gitt stafettpinnen over til eit nytt styre i helga, og eg ynskjer det nye styret lukke til med det viktige arbeidet.
Det er med sorg og vemod at eg takkar for meg og tek farvel. Likevel er eg utruleg glad og takknemleg for reisa og håpar det nye styret skapar minst like mange gode minner som eg sit att med no.
Les merHeilt frå fyrste ung-samling i Lofoten i 2015 har eg følt ein tilhøyrigheit og eit samhald som ikkje let seg beskriva. Eg ante knapt nok kva ein fagforening eller tariffavtale var då, men kjente fort at eg vart nysgjerrig og ville være med på reisa vidare. Det angrar eg ikkje på