stipendiat i nordisk språk, Universitetet i Bergen
Pablo Escobar, som mange i det siste har stifta kjennskap med i samband med Netflix-serien Narcos, er berykta for sin strategi for korleis handtera myndigheitene. Strategien er oppsummert i hans brutale motto Plata o plomo, som omsett til norsk vert Sølv eller bly.
Korleis kan det å nemna namnet på to metalliske grunnstoff vera ein dødstrussel? Svaret er metonymi.
Bruker noko konkret for å seie noko abstrakt
Metonymi er ein viktig, men lite påakta del av språket vårt. Ved hjelp av metonymi kan vi bruka språket på nye måtar og med nye tydingar. I metonymi lèt vi noko stå for noko anna. Som regel er det snakk om konkrete og gjerne iaugefallande ting som inngår i - og som derfor kan stå for - meir abstrakte, komplekse eller forbigåande fenomen. Førstnemnde kallar ein ofte vehikkel, altså eit slags transportmiddel, mens det abstrakte blir eit mål. Vi nyttar vehikkelen til å koma fram til målet, altså det vi eigentleg vil snakka om.
Det er enkelt å snakka om og å sjå for seg konkrete ting som vi kan observera direkte med sansane. Derfor er biletleg språk som metonymi og metafor kjenneteikna av at vi nyttar det konkrete for å snakka om det abstrakte.
Medan metafor inneber ei samanlikning av to ting som ikkje har noko konkret samband, er det i metonymi tett, konkret samband mellom dei.
Ein abstrakt s