Norsk Landbruk
02.02.2017
HÅ: Sidan slutten av oktober har Lauritz Haarr skore grassurfôr i blokkar ut av enden på ei 50 meter lang pølse. Både bonden og kyrne er så langt nøgde.
Pølsene blei pakka med ein Haylage baler EB 310 LG frå tsjekkiske Eurobagging. Maskinen hadde sin noregsdebut i Rogaland i sommar, og Haarr eig halvparten av firmaet, som både skal leigekjøre med eigen maskin og selje maskinar til andre entreprenørar.
Så langt har hans eigne erfaringar vore positive, med knapt ein gaffel fôrspel sidan oktober. Det er få andre som har starta fôringa frå pølsene ennå, men hos ein kunde har det vore noko større variasjon i fôrkvaliteten.
- Der blei fuglane litt for nysgjerrige, og det kom luft til, som har danna mugg enkelte stader, fortel han.
Med ei krokodilleklo som reiskap har han ete seg gjennom ei pølse med førsteslått, og der var kvaliteten like god gjennom al


































































































