Grunnproblemet, ifølgje Mikkelsen, er forsømte og manglande utdanningstilbod. Han rettar utfordringa direkte til forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch.
Ho seier regjeringa legg vekt på å styrke dei samiske språk- og læringsmiljøa. I ein av budsjettlekkasjane i valkampinnspurten lova regjeringa 37 millionar kroner til ein «samisk pakke».
På spørsmål frå Khrono viser Borch til at 4,5 millionar frå den potten skal gå til å «legge til rette for nasjonale og fleksible språkutdanningar i nordsamisk».
- Står igjen mykje
- Det står igjen mykje arbeid før regjeringa kan seie at ho leverer på det ho lovar, seier Mikkelsen.
Han meiner regjeringas generelle kutt i løyvingane til universitet og høgskular fører til ytterlegare marginalisering av dei samiske utdanningane.
- Med d


































































































