- For oss er dette vera eller ikkje vera. Lærarskulen er hjørnesteinsverksemda vår. Det er ikkje berre arbeidsplassar for fagleg tilsette dette handlar om, men òg knytta til mellom anna studentsamskipnaden, seier Hanne Davidsen til Khrono.
Ho er Arbeiderparti-politikar og ordførar i Nesna, ein kommune med knappe to tusen innbyggjarar. Før ho vart ordførar var Davidsen, som sjølv er lærar og sosiolog, dekan ved det som då heitte Høgskolen i Nesna. Måndag kveld sette ho seg på nattoget for å nå fram til Værnes og styremøtet ved Nord universitet.
Me trudde på det som vart sagt om at alle studiestadane skulle bestå då me vart ein del av Nord universitet. Difor har me heller ikkje ropt så høgt tidlegare, Hanne Davidsen

































































































