Dei sju små bokstavane OsloMet har ikkje mange opne tilhengarar. Så eg startar det nye året med å banne litt i den norske namnekyrkja: OsloMet er slett ikkje så verst namn.
Diskusjonen om Høgskolen i Oslo og Akershus sitt nye universitetsnamn har tatt av via innlegg i Khrono, i sosiale medium og i det offentlege rom også. Rett før jul var det nesten antydning til mobbestemning etter at høgskulestyret med knapp margin sa ja til OsloMet.
Styret på HiOA står i ein god statleg tradisjon, når dei no har sagt ja til eit litt rart, utradisjonelt og annleis universitets-namn. Tove Lie Redaktør i Khrono
Eg trur at vidare debatt og protestar er «lost case». Det vil forundre meg veldig viss ikkje leiinga ved Høgskolen i Oslo og Akershus, på eit eller anna vis, har fått ryggdekning for namnet, eller i alle fall ein variant av namnet, frå Kunnskapsdepartementet.
Ei mogleg løysing kan bli eit ja til det engelske namnet - Oslo Metropolitan University og kanskje til den norske varianten - Storbyuniversitetet. Og så kan hende dei droppar den mest omstridte delen av namneforslaget: OsloMet - men den forkortinga kan jo berre det nye universitetet sjølv bestemme seg for å bruke. Og slik kan nesten alle bli litt meir nøgde enn dei er i dag.
Mange har engasjert seg i namnesaka. Sjefen i Meteorologisk instituttog sjefen i Språkrådet har begge sendt brev til Kunnskapsdepartementet og bede statsråd Torbjørn Røe Isaksen om å avvise namneforslaget. Namnet kjem også opp i Stortinget via eit spørmål til kunnskapsministeren.
For no ligg namnesaka i departementet, etter at høgskolestyret - med 6 mot 5 stemmer - vedtok at det nye universitetet i Oslo som skal sjå dagens lys i 2018 bør heite


































































































