Magasinet for fagorganiserte
05.05.2016
ålt i inntekter, sysselsetjing, ringverknader og innverknad på teknologi- og kompetanseutvikling er oljeverksemda framleis Norges klart viktigaste industri, og vil vera det i lang tid framover.
Muligheitene er framleis store, og verda treng meir energi. 1,3 milliard menneske har ikkje tilgang til energi. Samtidig er dette ein føresetnad for at dei skal kunna lyftast ut av fattigdom. Ifylgje IEA, og innafor eit 2 graders scenario, aukar energibehovet med 15 prosent innan 2040, og fossile energibærarar vil også i 2040 utgjera ein vesentleg del av energimiksen.
Også klimapolitikken treng norsk oljeindustri som spydspiss i utvikling av miljø- og ressursoptimal olje og gassutvinning. Det hjelper verken klima eller norsk velferd om me overlet arenaen til andre oljeprovinsar som legg langt mindre vekt på dette enn oss. To sentrale føresetnader bak klimamåla er å erstatta kol med gass, samt storstila satsing på fangst og lagring av CO2. Norge må forbli Eur