Eit av dei prioriterte måla er å auke produksjonen. Det legg avtalen til rette for. Den stimulerer til at det blir gjort ved å auke bruken av utmarksressursane og å redusere omlegginga til gras i kornområda. Det er betre å sende dyra ut på beite og sanke graset, enn det er å sanke det sjølv. I sauehaldet er bruk av utmark ein sjølvsagt del av driftsforma. For storfe er ein langt mindre del av dyra på utmarksbeite. Avtalen aukar stimulansen til at norske kyr skal nytte utmarksbeita. Samla gir dette oss eit vakkert kulturlandskap
Men vi må alltid hugse at det kan ikkje produserast meir enn det marknaden vil ha. På fleire område er inntektsmogelegheitene no så gode at det er overproduksjon. Derfor prioriterer avtalen se


































































































