På tariffkonferansa møtast tillitsvalde frå offentleg sektor - det vere seg representantar frå den offentlege tannhelsetenesta i kvart fylke, forsvaret, kompetansesentra, universiteta og helse. I år samlast om lag 30 av desse, i tillegg til representantar frå sekretariatet, valgkomiteen, president og SF (Sentralt forhandlingsutvalg).
Bakteppet for årets lønsoppgjer
Sett i lys av «dyrtida» som vi er inne i, er det knytt stor spenning til det komande lønsoppgjeret. Når ein oppsummerer prisvekst og lønsoppgjera for 2022, ser ein at kjøpekrafta er gått kraftig ned i og når ein les at konsumprisindeksen(KPI) pr. januar 2023 er på heile 7,0 %, så merkar nok langt dei fleste at lommeboka er blitt slunknare. Tradisjonelt har ein i Noreg følgt den såkalla Frontfagsmodellen, der konkurranseutsett industri legg føringar for lønnsdanninga i landet. Når ein summerer opp fjoråret, så


































































































