AddToAny

Norsk is til fiffen i London

Norsk is til fiffen i London
Iseksporten frå Noreg eksploderte mot slutten av 1800-talet. Overklassen i dei europeiske storbyane ville ha rein is frå det kalde nord.
Isen har lege tjukk på vatna i store delar av Noreg denne vinteren. Islagde vatn var tidlegare gull verd i mange kystnære strok, særleg på Sør-Austlandet. For i dei kalde vintrane på 1800-talet stod bønder og arbeidarar på rekke og rad og hakka laus tunge isblokker, som seinare vart sende over Nordsjøen til byane i Europa. Produksjon av såkalla «naturis» vart storindustri.
- Overklassa i storbyane skulle ha is til kjøling av vin, og til bruk i dessertar og iskrem. Europearane hadde også fått smaken på amerikansk leskedrikk med is. Marknaden var særleg stor i Storbritannia, og spesielt i London. Også fiskeria på den engelske austkysten, som frakta fersk fisk til byane, vart etter kvart storforbrukarar av norsk is, fortel Eyvind Bagle. Han er doktorgradsstipendiat og til vanleg leiar for forskingsavdelinga ved Norsk Maritimt Museum, ei avdeling under Stiftinga Norsk Folkemuseum. Doktorgraden hans er del av forskingsprosjektet «The last Ice Age» (sjå faktaboks), som tek føre seg den internasjonale handelen med naturis på 1800-talet og tidleg på 1900-talet.
I avhandlinga, som har tittelen «Naturens fabrikk», ser Bagle på organiseringa av den norske isproduksjonen i tidsrommet 1850-1915. Han har konsentrert seg om to ulike lokalsamfunn som begge var blant dei førande distrikta for ishandel langs Telemarkskysten og indre Oslofjord: skipsfartsbyen Kragerø og kystbygda Nærsnes i Røyken, som i dag ligg i Asker kommune.
- Ishandelen skaut fart i dei stroka av landet som allereie dreiv med skipsfart, særleg på stader der trelasteksporten har vore dominerande. Dei kystnære stroka på Sør-Austlandet hadde naturlege og kulturelle føresetnader for å setje i gang med denne næringa. Isen måtte kome frå ferskvatn, og tjerna måtte ikkje ligge for langt frå utskipingsstadene ved fjorden, fortel Bagle.

Kjøp og sal av natur
USA var føregangslandet for den moderne ishandelen som vaks fram frå midten av 1800-talet. Gjennom handel og skipsfart kom kunnskapen til Nore
Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt