Utdanning
22.02.2017
Aldri før har Noreg brukt så mykje ressursar på forsking som no. I 2015 gjekk 1,93 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) til forsking og utviklingsarbeid, ifølgje FoU-statistikken til SSB og NIFU.
- " Forsking og utviklingsarbeid kjem til å vere ei sentral kjelde til den kunnskapen som trengst for å omstille det norske næringslivet og løyse utfordringar i samfunnet. Derfor er det gledeleg å sjå at FoU-innsatsen har auka såpass mykje, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Les merStatsråden meiner at alt ligg til rette for at denne auken vil fortsetje framover. Talet på årsverk brukte til FoU var fem prosent større i 2015 enn i 2014, og det var ein realauke i FoU-utgiftene på ni prosent. Utgiftene til FoU auka i alle sektorar, og mest


































































































