Eg er opptatt av at vi skal leve som vi lærer Iselin Nybø Forskings- og høgare utdanningsminister
Grønne indikatorer for universitets- og høgskolesektoren presenterer forslag til måleinstrument for berekraft, og er eit første steg i forskings- og høgare utdanningsminster Iselin Nybø varsla opptrapping av miljøkrav i sektoren.
Ho har tidlegare invitert til kappestrid mellom institusjonane om kven som både kan flyge minst og på andre måtar redusere klimafotavtrykket mest.
- Eg reknar med at alle er med på konkurransen, sjølv om den er frivillig. Det er ein konkurranse og dugnad for å bli grønast mogleg, seier Nybø til Khrono.
Flyreiser på topp
Rapporten er laga av konsulentselskapet Asplan Viak på bestilling frå Kunnskapsdepartementet og listar opp åtte samlande indikatorar som universitet og høgskular skal bruke for å måle sine direkte og indirekte klimagassutslepp og annna miljøforureining.
Høgt på lista står det som er omtalt som mobilitet - reiseverksemd og transport. Rapporten slår fast at transport og reiser er ei av dei største kjeldene til utslepp av klimagassar i Noreg, og det gjeld også universitet- og høgskulesektoren. «For UH-sektoren stammer størsteparten av mobilitetsrelaterte utslipp f