Ho er seniorrådgivar ved Fakultet for lærarutdanning, kunst- og kulturfag ved Nord universitet, og har sidan i fjor haust vore prosjektleiar for LæreriNord. Som Khrono har skrive, skal prosjektet bidra til at nokre av dei som i dag jobbar som ufaglærte i barnehagar og skular, tek barnehage- og grunnskulelærarutdanning.
Tysdag er Gravrok og kollegaene hennar invitert til Stortinget, nærare bestemt av Arbeiderparitet si stortingsgruppe.
- Rekruttering til lærarutdanninga er ei kjempeutfordring, særleg i nord. Så alle initiativ som kjem må me verta godt kjende med, seier Lise Selnes, som sit i forskings- og utdanningskomiteen for Arbeiderpartiet.
Spent på søkjartal
Etter at opptakstala frå Samordna opptak var klare i sommar, skreiv Khrono at det var ledige plassar på to av tre lærarutdanningar. Ser ein på møtt-tala, er det ganske dyster lesing: Ein fjerdedel av grunnskulelærarpla