Khrono
21.02.2018
Ordbok. Universitetet i Bergen har lyst ut fem leksikografstillingar. Jobben deira vert å oppdatera og revidera ordbøkene. - No køyrer me, seier Johan Myking nøgd, til På Høyden.
Han er instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, instituttet som saman med Universitetsbiblioteket i Bergen er heimstaden for både Nynorskordboka og Bokmålsordboka.
Les merNo har instituttet lyst ut fem faste stillingar som leksikograf. Dei skal ha ansvaret for å oppgradera og oppdatera begge ordbøkene.
Minst mastergrad
Stillingane vart oppretta etter at Stortinget løyva pengar over statsbudsjettet. Formelt sett er det Språkrådet som har fått pengane, men mykje av arbeidet vil skje ved UiB.
Eit ord som smarttelefon treng ikkje noko vedtak, det er berre ei samansetjing av to ord. Men kva med tromma som vert kalla «djembe»? Daniel Ims Seksjonsleiar, Språkrådet
- Prosjektet har allereie starta opp, me har tilsett fleire på engasjement, fortel Myking.
Pengane vart git


































































































