Khrono
06.07.2023
Rektor ved NHH, Øystein Thøg ersen, utpeikte kjærasten og noverande kone, Linda Nøstbakken, til styreverv i høgskolens forskingsselskap.
Rektor ved Noregs handelshøgskole (NHH), Øystein Thøgersen, erkjenner at han var inhabil då han hausten 2022 utnemnde Linda Nøstbakken til styreverv i Samfunns- og næringslivsforsking AS (SNF).
Les merNøstbakken trekte seg onsdag kveld frå styret, kort tid etter at Khrono tok kontakt.
- Eg har gjort ein dum feil. Eg kan ikkje seie noko anna enn at det er alvorleg. For leiarar generelt, og øvste leiar spesielt, er habilitet veldig viktig. Eg tar fullt ansvar for dette og legg meg så flat eg berre kan, seier Thøgersen til Khrono.
Styreverv og ekteskap
Linda Nøstbakken var prorektor i Thøgersens rektorat frå 2017 og fram til våren 2020, då ho blei forskingsdirektør i SSB (Statistisk sentralbyrå), før rektorperioden var over. Ifølgje Thøgersen var dei i ferd med å bli kjærastar på dette tidspunktet


































































































