BUSKAP
06.06.2016
Avl for å auka sluttvekta og snu den genetiske nedgangen i slaktekvalitet og volum vil gje meir kjøt frå mjølkebruka. 25 kg i auka kjøttvekt pr. ku tilsvarar 8 -10 000 slakteoksar.
Kjøttproduksjon som «biprodukt» frå mjølkeproduksjonen er langt meir ressurs- og utsleppseffektivt (metan, lystgass med meir) enn produksjon basert på ammekyr. Relativt høg fruktbarheit som i NRF-populasjonen (potensielt >1,3 kalvar pr. årsku) og høve til spreidd produksjon heile året er også viktig for å sikre jamn marknadsdekking av ferskvare kontra meir sesongprega produksjon.
Marknadshistorie Politiske, ideologiske og marknadsmessige forhold påverkar sterkt kva den enkelte produsent kan og vil gjere. Sist på nittitalet kom slakteoksane frå 40 000 ammekyr inn i ein marknad i balanse samstundes med opning for MUL-import. Overdekninga på 10 prosent reduserte prisen 30 prosent. Mange kjøttprodusentar basert på innkjøpte NRF-kalvar sleit og la ned eller la om produksjonen. Mjølkeprodusentane kunne «flyte på mjølka», men økonomisk verdi av kjøttproduksjonen vart varig redusert (målprisen sett ned til marknadspris i 2001). «Frisleppet» av mjølkekvoter og stor overgang til samdrifter medførte prioritering av fjøsplassen til mjølk. I neste omgang vart det knapt både med grovfôr og fjøsplass, og mange auka på med meir kraftfôr for stadig større kvoter. Ved nybygging og for dei store bruka som skulle over på mjølkerobot, vart auka avdrått redninga, og kjøttproduksjonen kom langt bak. Sterk auke i tilskot til ammekyr kombinert med avtakande/ingen tilskot for auka mjølkekutal medførte at bruk med nok fjøsplass og jord valde å ha færrast mogleg mjølkekyr i høve kvote, men eigen kjøttfebesetning. Ve
Gå til medietMarknadshistorie Politiske, ideologiske og marknadsmessige forhold påverkar sterkt kva den enkelte produsent kan og vil gjere. Sist på nittitalet kom slakteoksane frå 40 000 ammekyr inn i ein marknad i balanse samstundes med opning for MUL-import. Overdekninga på 10 prosent reduserte prisen 30 prosent. Mange kjøttprodusentar basert på innkjøpte NRF-kalvar sleit og la ned eller la om produksjonen. Mjølkeprodusentane kunne «flyte på mjølka», men økonomisk verdi av kjøttproduksjonen vart varig redusert (målprisen sett ned til marknadspris i 2001). «Frisleppet» av mjølkekvoter og stor overgang til samdrifter medførte prioritering av fjøsplassen til mjølk. I neste omgang vart det knapt både med grovfôr og fjøsplass, og mange auka på med meir kraftfôr for stadig større kvoter. Ved nybygging og for dei store bruka som skulle over på mjølkerobot, vart auka avdrått redninga, og kjøttproduksjonen kom langt bak. Sterk auke i tilskot til ammekyr kombinert med avtakande/ingen tilskot for auka mjølkekutal medførte at bruk med nok fjøsplass og jord valde å ha færrast mogleg mjølkekyr i høve kvote, men eigen kjøttfebesetning. Ve


































































































