Om rektor si innstilling slik den ligg føre vert vedteken av universitetsstyret, vert min kvardag og mi jobbframtid i relativt liten grad påverka. Dette er ikkje min kamp, men som tilsett ved universitetet er eg naturleg nok likevel opptatt av kommunikasjonen og debatten vi for tida har på universitetet, i lokalsamfunna og i opne media. Eg forstår at mine kollegaer, vener og samarbeidspartar i Namdalen og Steinkjer er sinte, redde og provoserte over det som dei fryktar kan hende. Eg ser det som heilt naturleg og legitimt at tilsette og studentar ved universitetet, privatpersonar og næringsliv, kommuneleiing, politikarar og andre let sin frustrasjon kome ut og hevdar sine argument for andre løysingar enn forslaget som er lagt fram.
Påstandane frå ordførar Gram & co kan summerast opp slik: Forslaget frå rektor er meiningslaust og eit svik mot Steinkjer

































































































