Fire avdelinger utviklingssentre for sykehjem og hjemmetjenester (USHT) i Vest har saman med høgskular og Senter for omsorgsforskning gjennomført eit forskingsprosjekt kor målet var å redusere bruk av tvang i sjukeheimar på Vestlandet.
USHT erfarer at prosjektsamarbeid med høgskulane og Senter for omsorgsforskning i Vest gir auka sjanse for å lykkast i rolla som brubyggjar mellom forsking og praksis.
I Noreg er det etablert ein struktur med et utviklingsenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) i kvart fylke og fem regionale sentre for omsorgsforsking (SOF). USHT skal primært arbeide for å formidle og legge til rette for forskingsbasert kunnskap, medan SOF sitt mandat er å forske fram relevant og praksisnær kunnskap i samspel med kommunehelsetenesta.
Brubygging mellom praksis og forsking er nødvendig for å sikre kunnskapsbaserte tenester i eit mangfaldig kommunelandsskap. Gjennom nært samarbeid og lokal forankring har Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) demonstrert at vi har gode føresetnader for å vere brubyggjar mellom forskingsinstitusjonar og kommunar.
Bakgrunn
Kommunehelsetenesta står overfor auka krav om kompetanseutvikling og krav om å ta i bruk forskingsbasert kunnskap [1-3]. Å ta i bruk ny kunnskap er ei svært krevjande oppgåve, noko både nasjonal [4,5] og internasjonal forsking viser. Det er samstundes eit gap mellom kva forskinga seier er god klinisk praksis og kva praksisutøvarar får til i ein travel kvardag [6,7]. For sjukeheimar kan det vere særskilt krevjande å ta i bruk forskingsbasert kunnskap. Mange av desse har relativt få tilsette med høg formell kompetanse og avgrensa ressursar til å løyse stadig meir samansette og spesialiserte oppgåver [8,9].
I Noreg har samhandlingsreforma ført til auka krav til kompetanse i kommunehelsetenesta. Likevel fastslår Telemarksforskning i ein rapport at kompetanseheving i desse tenestene i stor grad føregår i form av kurs og ad-hoc-opplæring [10].
Dei fire utviklingssentra på Vestlandet har eit godt samarbeid, lokal forankring og er nær praksis. Samstundes er det eit tett samarbeid med Senter for omsorgsforskning (SOF) i Vest. Dette er bakteppet når vi i denne artikkelen vil presentere ein modell for korleis utviklingssentra kan vere pådrivar for kunnskap og kvalitet i kommunale helse- og omsorgstenester. Det gjer vi med bakgrunn i erfaringar med eit aksjonsforskingsprosjekt finansiert gjennom Noregs forskingsråd: Modeling and evaluating evidence based continuing education in nursing home dementia care (MEDCED). MEDCED hadde eit todelt mål. Det eine var å evaluere i kva grad ein beslutningsstøttemodell kalla TFT-modellen (Tillit Framfor Tvang) førte til redusert agitasjon, bruk av tvang og psykofarmaka i 24 sjukeheimar på Vestlandet [11]. Modellen vart presentert og følgt opp gjennom to undervisningsdagar og rettleiing over eit halvt år. Det andre målet var å utvikle og systematisere kunnskap om faktorar som fremjar eller hemmar innføring av ny kunnskap i sjukeheimane. Framgangsmåten og deltakarar i prosjektet er presentert i tabell 1
Forsking indikerer at standardiserte intervensjonar må tilpassast lokale forhold, at one size does not fit all [12-14]. Det inneber at ein må ta h�


































































































