AddToAny

MINKA TVANG PÅ SJUKEHEIM

MINKA TVANG PÅ SJUKEHEIM
Demens. Eit samarbeid mellom utviklingssentre og sjukeheimar på Vestlandet byggja bru mellom forskning og praksis.
I Noreg er det etablert ein struktur med et utviklingsenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) i kvart fylke og fem regionale sentre for omsorgsforsking (SOF). USHT skal primært arbeide for å formidle og legge til rette for forskingsbasert kunnskap, medan SOF sitt mandat er å forske fram relevant og praksisnær kunnskap i samspel med kommunehelsetenesta.

Brubygging mellom praksis og forsking er nødvendig for å sikre kunnskapsbaserte tenester i eit mangfaldig kommunelandsskap. Gjennom nært samarbeid og lokal forankring har Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) demonstrert at vi har gode føresetnader for å vere brubyggjar mellom forskingsinstitusjonar og kommunar.



BAKGRUNN. Kommunehelsetenesta står overfor auka krav om kompetanseutvikling og krav om å ta i bruk forskingsbasert kunnskap [1-3]. Å ta i bruk ny kunnskap er ei svært krevjande oppgåve, noko både nasjonal [4,5] og internasjonal forsking viser. Det er samstundes eit gap mellom kva forskinga seier er god klinisk praksis og kva praksisutøvarar får til i ein travel kvardag [6,7]. For sjukeheimar kan det vere særskilt krevjande å ta i bruk forskingsbasert kunnskap. Mange av desse har relativt få tilsette med høg formell kompetanse og avgrensa ressursar til å løyse stadig meir samansette og spesialiserte oppgåver [8,9].

I Noreg har samhandlingsreforma ført til auka krav til kompetanse i kommunehelsetenesta. Likevel fastslår Telemarksforskning i ein rapport at kompetanseheving i desse tenestene i stor grad føregår i form av kurs og ad-hoc-opplæring [10].

Dei fire utviklingssentra på Vestlandet har eit godt samarbeid, lokal forankring og er nær praksis. Samstundes er det eit tett samarbeid med Senter for omsorgsforskning (SOF) i Vest. Dette er bakteppet når vi i denne artikkelen vil presentere ein modell for korleis utviklingssentra kan vere pådrivar for kunnskap og kvalitet i kommunale helse- og omsorgstenester. Det gjer vi med bakgrunn i erfaringar med eit aksjonsforskingsprosjekt finansiert gjennom Noregs forskingsråd: «Modeling and evaluating evidence based continuing education in nursing home dementia care» (MEDCED). MEDCED hadde eit todelt mål. Det eine var å evaluere i kva grad ein beslutningsstøttemodell kalla TFT-modellen (Tillit Framfor Tvang ) førte til redusert agitasjon, bruk av tvang og psykofarmaka i 24 sjukeheimar på Vestlandet [11]. Modellen vart presentert og følgt opp gjennom to undervisningsdagar og rettleiing over eit halvt år. Det andre målet var å utvikle og systematisere kunnskap om faktorar som fremjar eller hemmar innføring av ny kunnskap i sjukeheimane. Framgangsmåten og deltakarar i prosjektet er presentert i tabell 1 (Se neste side).

Forsking indikerer at standardiserte intervensjonar må tilpassast lokale forhold, at «one size does not fit all»[12-14]. Det inneber at ein må ta høgde for lokale forhold for at ein intervensjon skal bli vellykka, i tett samarbeid med dei som skal ta imot den nye kunnskapen[15]. Eit slikt samarbeid fordrar at nokon aktivt bidreg i kunnskapsformidlinga. I det aktuelle prosjektet gjeld dette både rolla og prosessen i å fasilitere sjukeheimane i arbeidet med å omdanne kunnskap til verksam praksis overfor bebuarar som lever med demens. Det inneber at formidlinga må ta omsyn til kompetansenivå og erfaringar hos dei tilsette, samt å tilpasse den til lokale kontekstuelle forhold[16].



ERFARINGAR. USHT i Vest har gjort seg erfaringar knytt til rolla som fasilitator og medforskar i MEDCED-prosjektet. Erfaringane baserer seg på systematiske analyser av refleksjonar i fokusgruppeintervju (4) og refleksjonsnotat (84) som vart skrive i tilknyting til MEDCED-studien [5].



KJENNSKAP TIL PRAKSIS. Utviklingssentra er plassert i vertskommunar i kvart fylke. Lokal plassering gjer at vi kjenner til kva rammer og prioriteringar som er gjeldande, og kva tilbod og forvent
Gå til mediet

Flere saker fra Sykepleien

Andrzej Gorecki er sykmeldt, men får ikke sykepenger. Han forstår ikke hvorfor.
Sykepleien 20.02.2024
Kanskje er det alderen, men jeg klarer bare ikke å mønstre den store begeistringen for den siste kunstig intelligens-bølgen.
Sykepleien 06.12.2023
Det finnes ikke en stor reserve av sykepleiere, viser denne studien. De aller fleste har relevante stillinger, selv om de ikke arbeider med direkte pasientkontakt.
Sykepleien 13.10.2023
DU VET KANSKJE at du har pensjonen din i KLP og at du har «offentlig tjenestepensjon», men vet du hva dette egentlig betyr for deg?
Sykepleien 13.10.2023
Sykepleie er som jazz. Hva kjennetegner jazz? Improvisasjon.
Sykepleien 28.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt