Khrono
16.09.2019
- Ytringsfridomen må vike for inkludering i forslaget til ny handlingsplan for mangfold og likestilling på Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Oslo, meiner professor. - Vranglesing, svarer dekanen.
Eit forslag til ny handlingsplan for mangfold og likestilling ved Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo har dei siste vekene vore ute på høyring ved alle einingane på fakultetet.
Les merEin som har kome over papira og kasta seg inn i diskusjonen er professor ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet, Kristian Gundersen. I eit innlegg i Aftenposten reagerer Gundersen på retorikken og hevdar at ein i forslaget set ytringsfridom opp mot raustleik og inkludering. Han viser til særskilte formuleringar i forslaget:
Folk er nøydde til å ta slike planar på alvor. Stadig fleire, også i akademia, ynskjer å kneble ytringsfridomen som verkemiddel i politisk kamp. Kristian Gundersen Professor i bi