BUSKAP
09.09.2022
Magnar Norheim frå Hafslo i Vestland fylke har køyrt mjølk i 45 år og sett ei rivande utvikling innan mjølketransport. Både bilane, vegane og teknologien har vorte betre, og ikkje minst det at mjølkespanna vart bytt ut med tankar, gjorde arbeidet lettare og kvaliteten på mjølka betre.
Fyrste året Magnar Norheim køyrde mjølk, vart mjølka henta i mjølkespann som stod på rampar langs vegen. - Det var ein tung jobb å løfta desse opp på bilen, men eg fekk ein god teknikk etter kvart, og då gjekk det betre, hugsar Magnar. - Dagen etter så køyrde me ut att spanna, og då hugsar eg at det av og til flagra med klasselappar, smiler han.
God kvalitet er viktig
Når mjølkespanna vart bytt ut med tankar, vart kvaliteten betre. Ei av oppgåvene til tankbilsjåførane er å lukta på mjølka før ho vert pumpa inn på bilen, og Magnar fortel at det kan gå år mellom kvar gong han set att mjølk på garden fordi de
Gå til medietGod kvalitet er viktig