Grimstad-utvalet har nyleg konkludert med at underskotet på studieplassar i medisin i Noreg ikkje lenger bør aksepterast, at dekninga må opp frå dagens 47 prosent til 80 prosent og at 440 nye studieplassar bør kome på plass i det norske utdanningssystemet i løpet av åtte år.
Etableringshindringar er ein stor fordel for dei som allereie er etablerte, men ikkje utan vidare for dei som ønskjer å etablere seg, og heller ikkje alltid for nasjonen. Klaus Mohn Rektor, UiS
Mange synest å einast om at intensjonen er godt underbygd, at retninga er god og at Noreg bør ta mål av seg å utdanne langt fleire av legane sine sjølv. Dermed tydar mykje på at nye studieplassar i medisin er i kjømda. Spørsmålet er dermed berre kor mange, og ikkje minst korleis dei skal fordelast.
Mandatet for Grimstad-utvalet tok utgangspunkt i dei fire lærestadane som i dag har profesjonsstudium i medisin (Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø), men ba samstundes utvalet om å vurdere eit samarbeid mell

































































































