forsker, Havforskningsinstituttet
Harald Gjøsæter
forsker, Havforskningsinstituttet
Elena Eriksen
forsker, Havforskningsinstituttet
Georg Skaret
forsker, Havforskningsinstituttet
I haust registrerte havforskarane lite vaksen lodde i Barentshavet. Difor blir det ikkje loddefiske til neste år. Samstundes blei det registrert mykje loddeyngel. Då er det mange - naturleg nok - som spør seg korleis dette kan henge i hop.
Havforskingsinstituttet starta med årlege loddetokt tidleg på 1970-talet. Utviklinga av loddemengdene i Barentshavet har i desse åra svinga som ein jo-jo. Ein finn knapt haustbare bestandar med større svingingar i heile verda.
No er det ny kollaps, den fjerde på fire tiår. Samstundes har bestanden produsert ein av dei sterkaste yngelårsklassane som nokon gong er registrert.
Offer for svolten sild
For å forstå dynamikken til loddebestanden må me også forstå litt av biologien til denne fisken. Lodda er kortliva. Som tre- eller fireåring vandrar ho frå beiteområda heilt nord i Barentshavet til finnmarkskysten for å gyta. Denne vandringa er lang for ein fisk på 15-20 centimeter, og ho legg all sin energi i denne eine gytinga, for så å døy. Studiar har vist at denne strategien i det lange løp er ei lønsam tilpassing for fisk som har høg risiko for å bli spist. Men eit kort liv me


































































































