forskningsformidler En artikkel fra Høgskulen i Sogn og Fjordane
Pedagogane kallar det oppdagande skriving. Og for barn som ikkje kan lese endå, er det gåtefulle skriftspråket ei oppdagingsferd verdig.
I eit ti veker langt eksperiment utforska femåringane bokstavar og lydar som på mystisk vis kan bli ord og meldingar som andre kan lese.
Femåringane i dei utvalde barnehagane dreiv med oppdagande skriving fire dagar i veka, i økter på 20 minutt. I byrjinga var det studentar som leidde aktivitetane. Seinare tok barnehagen sine eigne pedagogar over.
Ei typisk økt kunne handle om å teikne noko ein er glad i - ein livrett eller ein yndlingsleik - og prøve å skrive ved sidan av kva teikninga viste. Ein annan variant var å lage handleliste med både teikningar og ord. Ein dag skreiv ungane hugselapp til dei vaksne heime - kanskje om å ta med vottar i barnehagen. Ein annan dag gjekk dei på jakt etter logoar i barnehagen og kopierte dei ned på eit ark. Dei øvde sjølvsagt på sitt eige namn, og mot slutten avanserte dei til å skrive eit lite postkort til ein kompis.


































































































