Arkitektnytt
22.03.2022
Det hadde vore veldig hyggelig om også leigebuarar fekk sjå resultata av endelause pizzakveldar med fargerike post-it-lappar på bydelshuset, skriv Anne-Rita Andal i Leieboerforeningen.
Medverknad i stadsutvikling og planprosessar er eit gode, og ein debatt om kvalitet for slike medverknadsprosessar vil forhåpentlegvis bidra til betre resultat for dei som skal medverke. Men kven er det eigentleg som medverkar, og kva er insentiva til å medverke? Det er openbart at det ofte ligg ei von om eiga vinning som motivasjon for å delta i langsame og krevjande medverknadsprosessar. Leigebuarar i Noreg har ikkje desse insentiva.
Les merLeieboerforeningen har delteke i mange medverknadsprosessar med leigebuarar dei siste åra. Nokre av desse har dreid seg om stadsutvikling, medan dei fleste dreier seg om medverknad i bumiljø. Vi