AddToAny

- Lakseskatten er rein idioti

Etter tjue år med eventyrleg vekst, er pessimismen tilbake. Allereie merkar lokalsamfunnet konsekvensane av lakseskatten. ?
TRØNDELAGSKYSTEN: 5.300 innbyggarar bur på øya, og Frøya har hatt den høgaste befolkningsveksten i Trøndelag dei siste sju åra.
Grunnen? Tusenvis av holmar og skjer, golfstraumen og oppdrettsnæringa.
- Det er ikkje akkurat verdas navle dette. Det er på ein måte mot alle odds, forklarer ordførar Kristin Furunes Strømskag.
I mange andre kommunar er kommunen sjølv største arbeidsgivar.
Men på Frøya jobbar dobbelt så mange på fiskefabrikken til Salmar på Nordskaget, Innovamar, der laksen blir tatt i land, slakta og vidareforedla. Den gigantiske fabrikken har rundt 1.000 tilsette.
Til saman 1.700 innbyggarar på Frøya jobbar i havbruk eller i tilknyting til næringa. Det er over 30 prosent av innbyggarane.
Sånn har det ikkje alltid vore. For tjue år sidan vart fiskefabrikken og hjørnesteinsbedrifta Marine Harvest (no Mowi) outsourca til Polen.
Botnpunktet var litt over 4.000 innbyggarar i 2006.
Kommunen og næringslivet gjekk saman om prosjektet «Frøya inn i framtida». Salmar-eigar Gustav Witzøe bidrog med ei satsing på vidareforedling. Det vart ein suksess.
Mens laksen vart sendt til Aust-Europa for tjue år sidan, kjem austeuropearane no til Frøya. Og der buset dei seg for å jobbe og held liv i lokalsamfunnet. Heile 28 prosent av innbyggarane er arbeidsinnvandrarar eller born av arbeidsinnvandrarar.
Så populært er det å bu på Frøya at bustadprisane er på Trondheimsnivå.
Vi har snakka med Fellesforbundet-medlemmar i ulike bransjar på øya, om oppdrettsnæringa og den nye lakseskatten som regjeringa har varsla.

- REIN IDIOTI
Flest arbeidstakarar jobbar inne på den gigantiske fiskefabrikken til Salmar, men også nokre røktarar jobbar på ventemerdane der dei tar imot brønnbåtar og sender 8.000 laks i timen inn i fabrikken.
- Rein idioti, seier røktar Tomas Trazka.
Han svarer på spørsmålet vårt om kva han meiner om den såkalla grunnrenteskatten.
Skatten skal vere 40 prosent på avkastninga dei store oppdrettsselskapa har på oppdrett av laks i sjøen.
For Trazka var resultatet tidenes dyraste sydenferie. Han var bortreist da forslaget vart lagt fram i slutten av september, og kom heim til at aksjekursen i Salmar over natta var redusert med 30 prosent - og dermed også sparepengane hans.
- Det er eit ran av kystsamfunn. Utan Salmar, Mowi og Lerøy (dei tre største oppdrettsselskapa) hadde vi vore ingenting, seier røktar Hans Werkland.
- Eg tr
Les opprinnelig artikkel

Flere saker fra Magasinet for fagorganiserte

Bussjåfør, kranfører, forbundssekretær, båtbygger, maskinist og museumsvakt - Bjørn Fuglestad (85) jobbet i nesten sju tiår og har vært LO-medlem enda lenger.
Regjeringen overlater spørsmålet om mer pensjonsopptjening til LO og NHO.
Hvis arbeidsgiver nekter å godta sykmelding fra en ansatt, kalles det bestridelse.
Unntakslovene i Ukraina har fram til nå gjort at arbeidsgivere ensidig har kunnet fravike deler av tariffavtalene. Det kan de ikke lenger.
29. oktober: Agiteringskurs, Region Nord - avd. 32 Transport Nord, Thon Hotel Kirkenes 29. oktober: Likestillingskonferanse, Quality Airport Hotel Gardermoen

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt