I eit tankevekkjande innlegg om Trump og hans veg til makta, påstår Georg Lakoff at det er noko republikanarane har skjønt som demokratane har gått glipp av. På ein stad kallar han til og med Trump very very smart. Han påstår at det som demokratar tradisjonelt har brukt som basis for omdømmet sitt, som handlar om kunnskap, argumentrekker og demokrati, er ut som oppskrift på vegen til makta. I staden handlar det om marknadsføring og ikkje minst eit språk som appellerer til impulsar som er djupare fundamentert i den kollektive og intellektuelle psyke enn tillært kunnskap. Lakoff er sett på som grunnleggjaren av det ein kallar kognitiv lingvistikk. Ein samlevitskap som mellom anna ynskjer å utvikle kunnskap om dei førspråklege føresetnadane for språk, og gjennom dette vise korleis språkbruk kan appellere til og hente si overtydingskraft frå førspråklege strukturar.
Dette kan vi og kjenne att i vårt eige politiske ordskifte, at det er store skilnader på korleis høgre- og venstresida bygg opp retorikken sin. Som mellom anna Simon Malkenes har gjort greie for i fleire tekster, bygg høgresida opp skulepolitikken sin på å konstruere ein krisesituasjon, som dei sjølv ikkje er ein del av, men har middel og løysingar på. Han refererer i inlleget Kommandoliberalismen til filosof og rettsteoretikar Carl Schmitt, som knytter etos til lederskap der det er lederen som avgjør unntaket. Det er lederen som avgjør om der er en krise, og det er han som avgjør hva som må gjøres for å overvinne den. Slik står han ut


































































































