Utdanning
28.04.2017
At elevane ved folkehøgskulane scorar høgst når det gjeld trivsel ved dei ulike skuleslaga i landet, handlar om fag, men vel så mykje om å bu på skulen og ta del i eit forpliktande fellesskap.
Eg må berre innrømme det. Høgdepunktet i veka er dobbelttimen i historie. Eg har «berre» ti elevar i gruppa mi, men dei har til gjengjeld vald historie som valfag, heilt av seg sjølv. Elevane går på liner som ekstremsport, idrett og friluftsliv, musikk, film og foto. Dei har eit felles ønskje om å forstå kvifor ting «skjer»; kva er drivkreftene i den historiske utviklinga? Kva er årsaka til at ein mann kan vere gift med fire kvinner i Saudi-Arabia, medan det kan vere tvert motsett i Nepal? Det er spanande å gå nærare inn i propagandastrategiane i dei store diktatura og finne likskap i dagens samfunn. Det er frigjerande å gå utanom pensum på leit etter innsikt og forståing.
Fire elevtypar?
På folkehøgskulen kjem vi tett på kvarandre. Variasjonen mellom elevtypane og linjefaga gir oss eit sterkt mangfald med mange moglegheiter, nye perspektiv og fleire inngonger til motivasjon, meistring og læring. Vi
Gå til medietFire elevtypar?
På folkehøgskulen kjem vi tett på kvarandre. Variasjonen mellom elevtypane og linjefaga gir oss eit sterkt mangfald med mange moglegheiter, nye perspektiv og fleire inngonger til motivasjon, meistring og læring. Vi


































































































