AddToAny

Læring i barnehagen - er det så nytt?

Når vi diskuterer leik og læring i barnehagen, er ikkje diskusjonen så ny som vi trur.
Barn sin rett til leik finn vi innskriven i FN sin barnekonvensjon, artikkel nr. 31. Det er i dag aukande satsing på læring og tidleg innsats i sentrale styringsdokument (Utdanningsdirektoratet, 2017) for barnehagen. Fleire uttrykkjer bekymring for at læringstrykket i barnehagen aukar. Det kan vera lett å tenkja at debatten kring leik og læring er av nyare tid, men historisk er ikkje det å sjå barnehagen som ein læringsarena så nytt (Jansen, 2014, s. 29). Artikkelen syner korleis forholdet mellom leik og læring har vore aktuelt sidan barnehagen si byrjing, med referanse til Friedrich Frøbel og Maria Montessori.

FRØBEL OG DEN FRIE LEKEN
Friedrich Frøbel (1782-1852) er for mange kjent som grunnleggjaren av den moderne barnehagen på midten av 1800-talet og var den første som bringa leiken inn som ein sentral del av pedagogikken, ved å kopla han til arbeid (Greve et al., 2014, s. 19-21). Frøbel ønskte å gje barn eit godt grunnlag til dei begynte på skulen. Vaksne skulle vera aktive i samspel med barna, utfordra dei gjennom samtale og instruksjon i samband med det han kalla for «lekegaver» (Jansen, 2014, s. 29; Johansson, 2004), eller pedagogisk materiell, som vi kan kalla det i dag.
Dagens debatt kring leik og læring handlar òg mykje om kor stor innblandinga til den vaksne skal vera. Om barnehagelæraren ikkje er medviten på dette spørsmålet og korleis vi møter barn som leikar, er det fare for at leiken vert redusert til eit middel for læring. Det er likevel for enkelt å hevda at leik og læring ikkje kan sjåast i samanheng. Då viser vi ikkje omsyn til at det faktisk skjer mykje verdifull og spontan læring når barn leikar (sjå bl.a. Veslemyr, 2014; Olofsson, 1993; Utdanningsdirektoratet 2017, s. 20-21; Øhman, 2012). Dette er læring vi som vaksne på sidelinja kan erkjenne at skjer, sjølv om barna berre leikar for å leika.
Ved å ikkje sjå leik og læring i samanheng viser vi ikkje omsyn til den viktige rolla barnehagelæraren spelar. Barnehagelæraren må stelle seg aktiv til barn sin leik, som er ein gr
Gå til mediet

Flere saker fra Første steg

Første steg 29.05.2026
– Tar ansatte seg tid til å dele små inntrykk fra barnehagehverdagen med foreldre, vil det bli lettere å ta opp vanskelige ting seinere, sier forsker Vibeke Glaser.
Første steg 29.05.2026
Det er fredag i utetiden, og været er sånn passe. Vinden tar godt tak i kinnene til barna. En liten gruppe med barn syker rundt beina mine. De vil jeg skal være med dem bort til porten.
Første steg 29.05.2026
Etter et år med musikksamlinger har barna fått større ordforråd, og de ansatte er blitt tryggere på å bruke sang og musikk i barnehagen.
Første steg 29.05.2026
Barnehager over hele landet inviteres til å gå ut og telle insekter i forbindelse med Verdens miljødag 5. juni.
Første steg 29.05.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt