Kritikken mot ordet «høve»
Når han etter kvart kjem til saka, begynner advokat Lægreid med å retta kritikk mot «det nynorske ordet 'høve'», som skal vera så fleirtydig.
Her kan ein først nemna at ordet «høve» er eit vanleg norsk ord, på tvers av skriftformer, i bruk hos forfattarar som Hamsun, Bojer og Falkberget. Ein av våre fremste juristar, også når det gjeld språk og presisjon, var heller ikkje framand for ordet. Sjå Johs. Andenæs, «Domstolene og administrasjonen», Avhandlinger og foredrag (1962).
Vidare kan ein hefta seg ved at «høve» også er brukt ein del i lovene. Frå vår nære rettshistorie kan ein peika på kredittkjøpslova § 8 første avsnitt og tvistemålslova § 204 nr. 2 andre avsnitt, § 212 andre avsnitt og § 373 tredje avsnitt nr. 2. I tillegg kan ein minna om vederlagslova 1974 § 5, kor ordet «høve» stod i overskrifta. Ordvalet skapte ikkje hovudbry då paragrafen kom under lupa i plenum. Sjå nærare i