Khrono
11.04.2023
Når søknadsfristen for høgare utdanning går ut 15. april, er vi redd mange 19-åringar går glipp av store moglegheiter, skriv tre tilsette ved HVL.
Dei unge si interesse for kjemifaget er synkande som pH-en i vatn med sur nedbør. Når søknadsfristen for høgare utdanning går ut 15. april, er vi redd mange 19-åringar går glipp av store moglegheiter. Bedriftene roper etter nye ingeniørar til det grøne skiftet.
Les merJan Eggum syng «Kor e alle helter hen?» Vi spør oss «Kor e alle ingeniørar hen?» I denne samanheng etterlyser vi spesielt kjemiingeniørar som rett og slett kan vere med på å redde verda!
Det grøne skiftet går ut på å forandre verda i ei meir miljøvennleg retning etter FN sine berekraftsmål. Desse handlar blant anna om fornyba