Khrono
05.04.2023
Mykje kunnskap om atomvåpen frå den kalde krigens dagar har blitt borte. Eit generasjonsgap er no merkbart i store delar av Europa.
Lars Egeland reiser viktige spørsmål om forskingsfinansiering og behovet for forsking om atomvåpen i Khrono. Atomvåpen har sidan den kalde krigen av mange vore sett på som eit esoterisk tema for spesielt interesserte. Etter den russiske invasjonen av Ukraina i 2022 er det openbert at dette er eit tema vi treng meir forskingsbasert kunnskap om i åra som kjem. Men kva slags kunnskap og forsking treng vi? Og kven skal betale for den?
Les merOslo Nuclear Project blei etablert i 2019 for å møte behovet for forsking og undervisning på dette området. Prosjektet sine tilsette underviser over hundre studentar kvart år, og utdannar nye generasjonar ekspertar. Sentrale forskingstema i dette prosjektet er russisk atomvåpendoktrine, spreiing av atomvåpen, faren for at konfliktar kan eskalere til bruk av atomvåpen, og akutte utfordringar for rustingskontrollregime som forvitrar. Forskingsmiljø ved andre norske institusjonar, slik som Institutt for Forsvarsstudier og NUPI, dekker også sentrale utfordringar knytt til atomvåpen. Generasjonsgapet er i ferd med å bli tetta.
Artikkelen som Lars Egeland viser til, forfatta av Benoit