Sykepleien
05.03.2023
Eg vil ikkje døy, men orkar ikkje livet lenger. Dette er noko fleire og fleire eldre uttalar i eit av verdas rikaste land. I tillegg mistar vi eit medmenneske annan kvar dag i sjølvmord.
Medan pengane renn inn i statskassa, blir fleire og fleire i vårt «rike» land fattigare. Vi blir fattigare ikkje berre på pengar, men også på kompetanse, omsorg og fellesskap. Mange har ikkje råd til mat på bordet eller å sende barna sine til fritidsaktivitetar.
Les merMange eldre og sjuke sit aleine i eigne bustader som dei ikkje har råd til å varme opp, utan nokon å snakke med, og mange er ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Korleis kan vi som samfunn akseptera at dette skjer? At dei som har lagt til rette for den rikdommen og levestandarden vi har i dette landet i dag, skal svinna hen i einsemd?
Viktig kompetanse forsvinn


































































































