BUSKAP
26.03.2021
Forsøk har vist at frøblandingar med fleire artar gir positive resultat på avling. Samspel mellom ulike artar i veksemåte og utnytting av lys og næring gjer at samla avlingseffekt blir større enn kvar art åleine.
Auka temperatur og lengre vekstsesong krev frøblandingar som er betre tilpassa for ulike dyrkingsforhold i Norge. I delar av landet vil timotei kanskje få ein mindre dominerande plass og bli erstatta av andre artar. Eit pågåande forprosjekt skal utarbeida forslag til korleis vi kan møta desse klimamessige utfordringane gjennom meir forskingsbaserte frøblandingar.
Mykje lengre vekstsesong
Klimaendringane har gjort seg sterkt gjeldande etter siste standard måleperiode (1961-1990). Vekstsesongen har blitt mykje lengre, og det trengst artar og sortar med god gjenvekstevne som kan supplera timotei når gjenveksten i denne arten går ned på ettersommaren i treslåttssystem. Veksten startar tidlegare enn før, og den største veksten er tidleg i sesongen, i takt med innstrålinga frå sola. Til samanlikning er haustveksten liten sidan innstrålinga frå sola raskt minkar utover hausten, temperaturen går ned og meir av veksten går til næringsreservar for overvintring. Ekstremhendingar som vassmetting og tørke vil merkast i større grad enn tidlegare, og lokalklimatiske skilnader kan vera store slik at tal slåttar kan variera innanfor relativt korte avstandar. Under slike skiftande dyrkingsforhold er det viktig å velja rett frøblanding til enga.
Timoteibaserte blandingar er vanleg
I norske frøblandingar er timotei den
Gå til medietMykje lengre vekstsesong