AddToAny

Kva er berekraftig finans - og kvifor bryr vi oss?

Omgrepet berekraftig finans har fått stadig meir merksemd, sjølv om forståinga kan variera. Målet med å fokusera på berekraftig finans i denne utgåva av
Magma er å kasta lys over viktige sider ved temaet. Det gjeld både korleis berekraftsomsyn påverkar ei verksemd, òg korleis verksemder påverkar klima, natur og samfunn rundt seg, altså at dei er såkalla dobbelt vesentlege.
Norges handelshøyskole (NHH) og Norske Finansanalytikeres Forening (NFF) har samarbeida om etterutdanning i finans sidan AFA-studiet (for å utdanna autoriserte finansanalytikarar) starta i 1988. Dei siste åra har både NHH og NFF fokusert vesentleg på berekraftig finans i sine utdanningstilbod. I 2019 starta eit felles prosjekt med å utvikla eit etterutdanningsstudium innan temaet, og i oktober 2020 vart første samling for 35 studentar på studiet i berekraftig finansiell analyse arrangert. Studiet dekka berekraft generelt, kva dette betyr i verksemder og i finansinstitusjonar, korleis det påverkar finansiell verdsetting, og korleis ein skal forvalta finansielle porteføljar og ta omsyn til berekraft. Hensikten med studiet er at studentane utviklar betre innsikt og kompetanse i å ta omsyn til berekraft i finansielle analysar av verksemder og porteføljar.
Studiet går årleg, og neste kull startar hausten 2022. Fagoppgåvene som vert skrivne i kurset, er i seg sjølv svært interessante, sidan dei er skrivne av engasjerte og vel skolerte studentar med mangfaldig bakgrunn frå finans, anna næringsliv og offentleg sektor. Dei står fritt til å velja tema som engasjerer, innanfor fagfeltet berekraftig finans, og der kan dei bruka av det dei lærer på studiet. Fem av oppgåvene frå første studentkull er, i omarbeidd form, med i denne utgåva av Magma. Dei representerer aktuelle tema frå ulike finansielle vinklingar, både frå aksjemarknaden, lånemarknaden og bankperspektivet. I tillegg tar ein artikkel føre seg den praktiske iverksettinga av EU sin taksonomi. Innleiingsvis er det ein artikkel som drøftar kva som eigentleg er vesentleg for berekraft, og kva misforståingar det er rundt definisjonane i den samanheng.
Studiet fokuserer på korleis ein tek omsyn til berekraft utan å kasta på båten dei finansielle modellane og den finanskompetansen vi har frå tidlegare
Gå til mediet

Flere saker fra Magma

Magma 05.08.2026
Av alle verktøyene i en leders karrierekasse kan tilpasningsevne være det viktigste.
Magma 05.08.2026
Magma 05.08.2026
Utgivers hjørne Digital forestillingsevne må trenes Lederrollen får nytt innhold når flere tar i bruk KI-agenter. Det kan bli tøf for mange, skriver adm. direktør Nina Riibe i Econa.
Magma 05.08.2026
Denne konceptuelle artikel analyserer, hvordan kunstig intelligens (KI) kan fungere som en andetgørende agent i organisationer og dermed omforme
Magma 05.08.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt