Lat oss fyrst slå fast at det ikkje er utforminga av finansieringssystemet, men satsingane og kutta i dei årlege statsbudsjetta som verkeleg har noko å seie for økonomien i sektoren. Det vil seie auke eller kutt i UH-ramma (som ABE-kutta til førre regjering), og tildelingar av studieplassar og rekrutteringsstillingar til dei einskilde institusjonane.
Finansieringssystemet er også utforma på ein slik måte at den resultatbaserte utteljinga endrar seg temmeleg lite frå år til år - slik har det vore til no, og slik vil det halde fram. Ein institusjon som har same produksjon frå eitt år til det neste, vil få uendra regelstyrt løyving med mindre Stortinget vedtek noko anna i statsbudsjettet. Meir om dette nedanfor, men fyrst grunnane til at me gjer desse endringane.
I forsking og høgare utdanning har me nokre av landets mest engasjerte og dedikerte tilsette. Samstundes er det få offentleg tilsette som er omgjevne av så mange indikatorar, insentiv og rapporteringskrav. Mange detaljerte indikatorar, satsar og insentiv har gjort systemet komplekst og tungrodd. Institusjonane har tilpassa seg og brukt mykje tid på det som blir premiert - og ikkje teke eit tydeleg nok ansvar for det som ikkje så lett let seg telje.
Dette systemet tek me no eit oppgjer med, og det vil få større konsekvensar enn eit endra finansieringssystem. Universitet og høgskular vart fram til i fjor styrte etter 17 felles nasjonale kvantitative styringsparameter, der alle institusjonar vart målte på det same. Dei har me no fjerna og erstatta med utviklingsavtalar der kvar institusjon saman med departementet har fått definere kva ein


































































































