AddToAny

Kva betyr det at noko er vesentleg i ein berekraftssamanheng?R

At noko er vesentleg - material på engelsk - vert stadig viktigare for vurdering av om selskap handlar og rapporterer berekraftig. Dei fleste er samde om at vesentlegvurderingar er viktige, at selskap bør identifisera, prioritera og offentleggjera informasjon om sine mest vesentlege berekraftstema. Kriteria for kva som er vesentleg, varierer likevel mykje, og i denne artikkelen gjennomgår vi korleis det kan forårsaka forvirring, og kva som kan gjerast.1 Vi tek utgangspunkt i to tilnærmingar til vesentlegvurderingar: Global Reporting Initiative (GRI) legg vekt på berekraftsspørsmål som er vesentlege for alle interessentar. Sustainability Accounting Standards Board (SASB) sin definisjon legg vekt på berekraftstema som er finansielt vesentlege, det vil seia som kan påverka selskap sine finansielle resultat. Vi drøftar konsekvensane av spenningane mellom desse to definisjonane av kva som er vesentleg i berekraftsrapporteringa, med særleg vekt på brukarar av informasjonen i finansmarknadane. Vi har dessutan undersøkt brukarar i finansmarknaden sine perspektiv gjennom spørjeundersøking og intervju.

Vi finn at ulike tilnærmingar til kva som er vesentleg, kan føra til at brukarar av berekraftsrapporter misforstår vesentlegvurderingane og difor trekkjer ugrunna konklusjonar. Særleg ser vi at ulike brukarar i finansmarknadane med ulike behov kan oppleva manglande tilgjenge og kvalitet i informasjonen. Vår konklusjon er at brukarar av berekraftsrapportering treng tydeleg kommunikasjon om vesentlegvurderingar i ikkje-finansielle rapportar. Dette er viktig både for investorar som søkjer lønsame grøne investeringar, og for samfunnet elles, som treng informasjon om reelle berekraftseffektar.1. Innleiing
Selskap er stadig meir opptekne med å verta meir berekraftige og å rapportera betre om berekraft. Denne kjem frå forventningar frå ulike interessentar, alt frå å møta regulatoriske krav til å opptre slik at ein tek vare på eit godt omdømme. Dei siste åra har og investorar og långjevarar - som er viktige brukarar av informasjon om berekraftsresultat - i aukande grad kravd slik informasjon, særleg om berekraftsinnsats som samsvarar med finansielle resultat.
Vi har no fått fleire nye standardar for måling og rapportering for å sikra berekraftsinformasjon av høg kvalitet. I tillegg til kvalitet er det sentralt korleis ein vurderer kva berekraftsspørsmål som er mest vesentlege innan ulike bransjar. Meir standardisert berekraftsrapportering bidreg til relevant og samanliknbar informasjon om alle såkalla miljømessige, sosiale og styringsmessige faktorar (på engelsk ESG - environmental, social and governance factors). Selskap bør difor gjennomføra analysar av kva som er vesentleg som støtte for både berekraftsstrategi og -rapportering, Berekraftsarbeid og -rapportering i selskap krev stadige prioriteringar av tiltak, relevante resultatindikatorar og kva informasjon ein skal gjera offentleg. Å vita kva som er vesentleg, er nødvendig for å vurdera den relative tydinga av ulike berekraftstema. Vesentlegvurderingane kan og hjelpa i avvegingane mellom potensielt svært ulike aktivitetar langs kvar av E-, S- og G-dimensjonane.
Det er samstundes utfordrande at ein tilsynelatande er einige om kva det betyr at noko er vesentleg, men likevel er det mykje forvirring. Kva som er vesentleg, skifter over tid, problemet er at omgrepet vesentlegheit (materiality) når det gjeld berekraft vert nytta på to vidt forskjellige måtar. Dei to tilnærmingane er den Global Reporting Initiative (GRI) nyttar på den eine sida, og den Sustainability Accounting Standards Board (SASB) nyttar på den andre sida. Ulikskapen er særleg forvirrande når ein i berekraftsrapporter refererer til «vesentlege berekraftstema».
Vi tek her utgangspunkt i perspektivet til brukarar i finansmarknaden som treng informasjon om berekraftsresultat. Utfordringa med to ulike tilnærmingar til kva som er vesentleg, er særleg viktig for dei brukarane som treng berekraftsinformasjon til investerings- og utlånsavgjerder. Mange hevdar at selskap som prioriterer vesentlege berekraftstema, er meir lønsame enn dei som ikkje gjer det. Dei empiriske funna som er grunnlaget for desse konklusjonane, byggjer på ei SASB-forståing av kva som er (finansielt) vesentleg. Samstundes måler og rapporterer mange selskap sine berekraftsprestasjonar basert på ei breiare GRI-forståing av kva som er vesentleg. Om det er uklårt kva «vesentlege berekraftstema» betyr, er det fare for at brukarar trekkjer feil konklusjonar og potensielt tek feil avgjerder. SASB-sjef Janine Guillot og styreleiar for SASB Standards Board Jeffrey Hales har uttrykt at GRI og SASB «historisk sett har brukt fundamentalt forskjellige definisjonar av kva som er vesentleg. Dette har ført til ein marknadsdialog der sjølv informerte deltakarar må anstrenga seg for å unngå å snakka forbi kvarandre» (Guillot & Hales, 2021).

2. Ulike tilnærmingar til kva som er vesentleg innan berekraftsrapportering
Kva betyr så omgrepet vesentlegheit, og kva betyr det i berekraftsrapporteringa? I vanlege finansielle rekneskap er omgrepet mykje brukt og definert slik:
Utelating eller feilinformasjon av ein post er vesentleg i ein finansiell rapport, dersom storleiken på posten i lys av tilhøva er slik at det er sannsynleg at vurderinga til ein rimeleg person som stolar på rapporten, ville ha blitt endra eller påverka ved å inkludera eller korrigera eit element. (Messier et al., 2005).
I samband med berekraftig verksemd og rapportering er målet å skilja mellom vesentlege berekraftstema, det vil seia dei berekraftsspørsmåla som truleg vil påverka interessentar (til dømes investorar, forbrukarar, styresmakter) sine avgjerder, og dei spørsmåla som er uvesentlege og neppe vil påverka avgjerdene. Medan hensikta med å skilja mellom meir eller mindre vesentlege tilhøve i finansiell rapportering er knytt til å forstå faktorar som påverkar selskapet sine økonomiske resultat, er det vesentlege i berekraftsrapporteringa knytt til selskapet sine sosiale og miljømessige resultat.
Ofte blir vesentlegvurderingar visualisert ved hjelp av ei såkalla vesentlegmatrise (materiality matrix). Ei slik matrise viser prioriteringa av berekraftstema i ein todimensjonal figur der aksane repre
Gå til mediet

Flere saker fra Magma

Magma 28.02.2024
Det er det store spørsmålet etter rapporten fra Klimautvalget 2050. Utvalget anbefaler full stans i leting etter olje og gass i nye områder. Men det blir ikke dagens regjering som vedtar en solnedgangsmelding for norsk petroleumssektor.
Magma 28.02.2024
Vinylplatene har for lengst gjenvunnet hylleplass i stua hos musikkelskerne. Nå er også CD-platene på vei tilbake inn i varmen, takket være Christer Falck og hans folkefinansiering.
Magma 28.02.2024
Digitaliseringen i offentlig sektor fører ofte med seg store IT-systemer som utvikles og driftes av mange team, ofte ved å benytte smidige utviklingsmetoder. I slike storskala settinger er god koordinering avgjørende på grunn av avhengigheter mellom teamene som kan senke farten og kvaliteten på leveransene.
Magma 28.02.2024
I dag gjennomføres stadig mer av IT-utviklingen i offentlig sektor ved hjelp av smidige (agile) metoder.
Magma 28.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt