Arkitektur N
05.05.2021
Lillestrøms kunstsenter Nitja har alle føresetningar for å bli ein formidabel suksess - så framt samtidskunsten når ut til folket.
Akershus kunstsenter har blitt Nitja senter for samtidskunst, med nybygg teikna av Haugen/ Zohar Arkitekter. Namnet er inspirert av norrønt for Nitelva og er meint å skulle styrke den lokale profilen. Kunstsenteret satsar dessutan offensivt i regional og nasjonal samanheng - dette skal bli eit kulturelt knutepunkt med brei appell. Men vil Nitja slå an utanfor kunst- og kulturbrigaden? Det er det store spørsmålet for ein institusjon som opplagt har mange av ingrediensane som skal til for å nå dette målet.
Mildt og majestetisk. Nitja ligg midt i synsfeltet når du kjem ut av Lillestrøm stasjon. I dei fleste norske byar ville det vore eit kjøpesenter, gjerne ein generisk kasse utan vindauge og eit samansurium av reklameplakatar. I Lillestrøm, derimot, oppstår det positive vibrasjonar hos underteikna så snart eg ser bygningen. Bygningen har noko monumentalt ved seg, i tydinga storslått, men ikkje brautande. Nitja hyler ikkje etter merksemd, det er akkurat passe majestetisk, akkurat passe mildt - stilig utan å vere overdådig.
Om ein opplever kunstsenteret som ei tilpassing til miljøet omkring avhenger nok likevel av perspektivet. For dei som hugsar denne delen av Lillestrøm som trehusområde kan sikkert kunstsenteret verke stort og framand, men i mine auge framstår det godt integrert. Det er fleire parallellar i form og farge mellom Nitja og ungdomshuset Villa Cara på nabotomta. Bølgefasaden på Nitja består av metallplater, ikkje tre, men er likevel meir harmonisk enn kontrasterande. Koplinga til nabolaget blir forsterka av at ein kan sjå gjennom bygget frå fleire vinklar, samt at det er romsleg på alle kantar. Inntrykket frå utsida er at dette skal vere eit hus der det folkelege og det finkulturelle går hand i hand - du kan slentre innom utan å ha stålkontroll på samtidskunst. Samstundes som det definitivt er eit kulturbygg.
Eit senter for kunst. På innsida er det ikkje tvil om at kunsten står i fokus. I kafeen kan ein sjølvsagt vere utan å
Gå til medietMildt og majestetisk. Nitja ligg midt i synsfeltet når du kjem ut av Lillestrøm stasjon. I dei fleste norske byar ville det vore eit kjøpesenter, gjerne ein generisk kasse utan vindauge og eit samansurium av reklameplakatar. I Lillestrøm, derimot, oppstår det positive vibrasjonar hos underteikna så snart eg ser bygningen. Bygningen har noko monumentalt ved seg, i tydinga storslått, men ikkje brautande. Nitja hyler ikkje etter merksemd, det er akkurat passe majestetisk, akkurat passe mildt - stilig utan å vere overdådig.