AddToAny

Korleis lukkast med oppstart i nytt kufjøs?

Korleis lukkast med oppstart i nytt kufjøs?
Kvifor lukkast nokon betre enn andre når dei flyttar inn i nytt fjøs og aukar mjølkekvoten? Gjennom prosjektet økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon har vi samla ein del gode råd som kan hjelpe for å få ein god start.
Gjennomsnittleg auke i kvote for 27 av prosjektbruka som bygde nytt fjøs var 79 prosent, frå 216 000 liter til 386 000 liter, sjå tabell 1. Auken skjedde i perioden frå ett år før bygging til tre år etter bygging. I desse åra skjer det mykje på garden, og det er viktig å halde fokus på og å lukkast med produksjonen. To viktige faktorar for å få ein god økonomi er høg kvotefylling og låg utrangering av kyr.



Kvotefylling Frå før veit vi at kvotefylling er viktig for god lønsemd. Undersøkinga vår syner at kvotefyllinga er avhengig av kilo mjølk per årsku, tal årskyr, om bonden har høg eller låg eigeninnsats i byggjeperioden, og individuelle skilnader mellom bønder.



Når kvoten aukar er det viktig å få opp både avdråtten og tal kyr, og begge deler er om lag like viktige.

Fleire brukarar slit med å få til avdråttsauken. Dessverre manglar vi tal for planlagd avdrått i driftsplan på utbyggingsbruka, men det er grunn til å tru at denne er høg for å produsere mest mogleg liter i det nye fjøset. Når ein fjerdedel av bruka har avdrått mellom 6 013 og 7 375 kilo i år to etter utbygginga, er det grunn til å tru at dei gjerne skulle sett dette talet høgare. I den andre enden av skalaen har ein fjerdedel av bruka klart å oppnå ein avdrått mellom 8 444 og 10 937 kilo i år to.



Undersøkinga viser at for stor eigeninnsats i byggearbeidet kan gå ut over drifta. Dersom bonden meiner han/ho har hatt for stor eigeninnsats i byggjeperioden, vert kvotefyllinga i middel 3-4 prosent lågare per år etter utbygging jamført med om bonden meiner eigeninnsatsen var grei. Til slutt kjem den individuelle variasjonen mellom bønder som fort kan kome opp i fem prosent variasjon i kvotefylling per år.



Resultata viser òg at bruk med store kvotar ikkje klarer å fylle like stor del av kvoten som dei mindre bruka. Som vi ser av tabell 2 tek det fire år før bruka i den største kvotegruppa kjem opp på nivå med dei andre gruppene. Om vi til dømes ser på år to etter utbygging, har ein fjerdedel av bruka ei kvotefylling mellom 75 og 90 prosent. I motsett ende av skalaen har ein fjerdede
Gå til mediet

Flere saker fra BUSKAP

Anders Kringli vokste opp på gården og tok over drifta i 2021. Han jobber fulltid som tannlege ved siden av gården. Foreldrene er pensjonister, men bor fortsatt på gården og hjelper til.
BUSKAP 02.04.2026
Randi Therese Garmo Spesialrådgiver/ veterinær i Tine randi.therese.garmo@tine.no Det er ikkje heilt svart-kvitt når det gjeld tilgjengelegheit hjå dyret på mineral og vitamin, sjå figur.
BUSKAP 02.04.2026
Fagsjef i Tine Rådgiving john.flottum@tine.no
BUSKAP 02.04.2026
Begge avlsforskere i Geno Vi har tatt ut statistikk som viser hvordan de genotypede dyrene fordeler seg per fylke i 2025 pr. 5. desember. Trøndelag på toppen
BUSKAP 02.04.2026
Statistikken fra Animalia pr. 26. november i år underbygger at det er mye å hente på å fôre fram krysningskalver sammenlignet med ren NRF.
BUSKAP 02.04.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt