BUSKAP
18.09.2017
Smitteforsøk syner kor viktig det er med gode rutinar i smitteslusene. God handvask og byte av støvlar og overtrekksklede kan hindre at virus kjem inn eller følgjer med ut av ein besetning.
Bovint coronavirus (BCoV) og bovint respiratorisk syncytialvirus (BRSV) er to viktige virus hos storfe i Noreg. Begge virusa kan gi luftvegssjukdom, og coronavirus kan i tillegg gi smittsame utbrot av diaré, kalla vinterdysenteri. Virusa gir i dag store økonomiske tap, og det kan vere mykje å tene på å førebygge infeksjonar og utbrot.
Kor lenge er dyr smittefarlege?
Det er stor sjanse for smitte ved kjøp av ungdyr, og mange lurer på kor lenge dyr er smittefarlege etter at dei er innkjøpte eller har vore sjuke. I lengre tid har forskargruppa «Virusinfeksjonar hos storfe» ved NMBU Veterinærhøgskolen arbeidd med desse virusa. For å betre forstå korleis ein kan hindre smitte av virusa mellom besetningar, har to smitteforsøk med virusa blitt gjennomført i samarbeid med Veterinærinstituttet og Sveriges Lantbruksuniversitet. Vi undersøkte mellom anna kor lenge dyr er smittefarlege etter infeksjon med coronavirus (diaré- og luftvegsvirus) og BRSV (luftvegsvirus) og om folk og utstyr kan overføre virusa mellom besetningar. I denne artikkelen vil vi gjere greie for dei viktigaste funna i smitteforsøka og kva tyding dette kan ha i praksis.
Smitteforsøk med bovint coronavirus
I dette forsøket vart fire kalvar smitta ved kontakt med kalvar frå ein besetning med vinterdysenteri. Dei smitta kalvane starta raskt å skilje ut virus, allereie etter to dagar kunne vi p
Gå til medietKor lenge er dyr smittefarlege?