Det seier Einar Schibevaag. Han jobbar i Ryfylke IKS, eit samarbeid mellom dei fem kommunane i Ryfylke.
I regionen har ein allereie prosjektet MOR - Motivasjon, opplæring og rettleiing - som skal bidra til kompetanseheving og kvalifisering til arbeidslivet. No ønskjer Ryfylke, saman med kommunane i Indre Hardanger og Vest-Telemark, å tilby lærarutdanning der studentane ikkje treng å reisa frå heimbygdene.
- Me har eit stort underskot av lærarar, og vil prøva å utdanna dei som bur her, seier Schibevaag.
Målgruppe: Ufaglærte - og unge
I dag tilbyr seks av utdanningsinstitusjonane samlingsbasert lærarutdanning: UiT Noregs arktiske universitet, Nord universitet, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Søraust-Noreg og Høgskolen i Innlandet. I tillegg er det fleire som tilbyr enkeltemne anten som deltidsstudium eller som nett- og samlingsbaserte tilbod.
Tanken bak prosjektet Schibevaag jobbar med, er at studentane skal studera i tre år, men samlingsbasert, med samlingar i kvar av dei tre regionane. Deretter skal dei ta dei to siste åra av utdanninga medan dei er i jobb.
- Eit femårsløp vil verta for langt og omfattande, seier Schibevaag.
Målgruppa er både ufaglærte som jobbar på skulane i dei totalt om lag 15 kommunane i dag, men òg andre som kan tenkja seg å ta lærarutdanning.
- Me har allereie eit desentr


































































































