- Det er med undring me ser at styreleiar ikkje har sett klagesaka på saklista over vedtakssaker. Styret får ikkje realitetsbehandla saka. Konsekvensen av dette er at me sender klagesaka til departementet, skriv Geir Waage Aurdal i fagforeininga Samfunnsviterne i ein sms til Khrono.
Han forklarer dette med at etter forvaltningslova skal klaga behandlast av same organ som har fatta vedtaket, altså styret ved høgskulen.
Styret vedtok å mellombels omplassera Rotevatn som dekan. Etter forvaltningslova skal klaga verta behandla av same organ som har fatta vedtaket, altså styret ved høgskulen. Geir Waage Aurdal Samfunnsviterne
Aurdal støttar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn etter at ho i sommar vart mellombels omplassert. Rotevatn var dekan ved Avdeling for mediefag, der det har vore ei arbeidsmiljøsak.
I morgon, torsdag 12. september, skal det nye styret på Høgskulen i Volda for første gong møtast fysisk. Men det er ikkje det første møtet deira. Den 9. august vart det nye styret orientert om situasjonen ved Avdeling for mediefag på høgskulen.
Rektor Johann Roppen fortel at styret denne dagen vart orientert om saka på avdelinga, og om leiinga si avgjerd om å omplassera Rotevatn.
- Det er viktig å merka seg at det er leiinga ved høgskule som tek ei slik avgjerd, ikkje styret. Men styret vart orientert om situasjonen, fortel Roppen til Khrono.
Berre orienteringssak
Nyheita om at dekan Rotevatn fr�

































































































