Psykisk helse
29.06.2016
Kjenslene mine, er dei mine eller legemiddelindustrien sine? Nokre dagar kjenner eg deg. Ditt nærvær er tydeleg. Som du grip rundt hjartet mitt! Eit band som strammar til. Du kan komme som lyn ifrå klår himmel. Dagane utan deg er ikkje tomme.
Dei dagane er som ein fugl i fridom, der den svever mot himmelen blå. Fri til å velge den vegen den sjølv vil. Eg kan nokre dagar være litt nedstemt, kjenne at dette ikkje heilt er dagen min! Eg trur alle har slike dagar iblant. Det er godt å ha noko til felles. Det er mange som har denne angsten også. Men ikkje klarar å være åpen rundt det. Det er ikkje alle som veit korleis det er, mange ser på angst som ein redsel. Ein redsel for det ukjente. Angsten ser eg på som ein frakk som heng der, som heng seg rundt meg av og til ... Den kan komme sigande når eg er på kin
Gå til mediet