AddToAny

Kjenneteikn på seksuelle overgrep mot barn

Kjenneteikn på seksuelle overgrep mot barn
10 prosent av dei barnehagetilsette veit ikkje korleis dei skal avdekkje om barna som går i barnehagen, har vore utsette for seksuelle overgrep, viser undersøking. Her er 5 ulike kjenneteikn.
Kva kunnskap har barnehagane ved mistanke om seksuelle overgrep mot barn? Det er eit tema som ein bør snakke meir om, slik at det kan bli mindre tabubelagt. 30 prosent av dei tilsette i norske barnehagar har ikkje, eller veit ikkje om dei har, ein beredskapsplan for kva dei tilsette må gjere for å førebyggje og avdekkje vald og overgrep mot barn, viser ei bacheloroppgåve om seksuelle overgrep ved Høgskulen på Vestlandet: Hysj, dette er vår vesle hemmelighet - seksuelle overgrep mot barn i barnehagealder. Vi gjennomførte ei spørjeundersøking via Google Forms, og vi fekk inn 1109 svar. Undersøkinga viser at dei fleste barnehagar har kunnskap om kva dei skal gjere ved mistanke om seksuelle overgrep. Likevel er det nesten 10 prosent som ikkje veit korleis dei skal avdekkje om barn i barnehagealder har vore utsette for seksuelle overgrep. 20 prosent av dei barnehagetilsette seier at dei ikkje diskuterer seksuelle overgrep på jobb. Halvparten av barna får heller ikkje opplæring i seksualitet og kropp i barnehagen.HALVPARTEN HAR BEREDSKAPSPLANEin beredskapsplan er ein plan for kva dei tilsette må gjere for å førebyggje og avdekkje vald og overgrep mot barn. Den skal sikre at alle tilsette kjenner og tar i bruk opplysningsplikta til barnevernet. Barnehagen skal ha låg terskel for å melde frå om bekymring for vald eller overgrep (Redd Barna, 2018).I denne studien var det godt over halvparten av informantane, 67 % (748), som svarte at barnehagen dei arbeider i, hadde ein beredskapsplan mot seksuelle overgrep. Det var berre 11 % (122) som ikkje hadde ein beredskapsplan (figur 1). 22 % (239) visste ikkje om dei hadde det. Set ein dei to siste saman, er det over 30 % som ikkje har eller ikkje veit om dei har ein beredskapsplan (figur 1).OBSERVER BARNA VED MISTANKEI denne studien svara 86 % (959) at dei veit kva dei skal observere ved mistanke om seksuelle overgrep mot barn. 10 % (106) svarte nei og 4 % (44) svarte veit ikkje (figur 2). Ein liten del, 14 % (150), er usikre på kva dei skal observere når det er mistanke om seksuelle overgrep.77 % (851) svarte at seksuelle overgrep blir diskuterte i barnehagen og 19 % (208) svarte nei på dette spørsmålet (figur 3).Det er viktig at ein stolar på magefølelsen sin, og ved dårleg magefølelse er det noko med det barnet som gjer deg uroleg. Barn som har opplevd seksuelle overgrep, gir ofte svake signal på at noko er gale (Aasland, 2014). Barn kan vegre seg for å besøkje mor eller far, eller uttrykkje tidlegare hendingar både gjennom teikning, leik og verbal kommunikasjon. Vi kan hjelpe barnet å uttrykkje seg, gjennom samtale og ved å lytte til det barnet har å seie. Det er også viktig at vi klarer å skilje mellom normal seksuell utvikling hos barn og det som ikkje er normalt.KVA ER SEKSUELLE OVERGREP?Straffelova beskriv seksuelle overgrep i tre kategoriar:1. § 201, seksuelt krenkjande eller anna uanstendig åtferd: dette
Gå til mediet

Flere saker fra Første steg

Å gå seg bort i skogen kan lære barna krisehåndtering, sier barnehagelærer Ive Tandberg. Hun mener naturen er den beste arenaen for livsmestring.
Første steg 08.03.2024
Tyskland har økt antall menn i barnehagen betraktelig, mens Norge står på stedet hvil.
Første steg 08.03.2024
1 SVERIGE Kravstore foreldre
Første steg 08.03.2024
- Å elske barn akkurat slik de er, er noe av det barnehagelærerne kan lære av bøkene om Emil fra Lønneberget, sier Astrid Lindgrens barnebarn Olle Nyman.
Første steg 08.03.2024
Vi kan ikkje slutte å fortelje om konsekvensane av låg bemanning sjølv om vi ønskjer å skape eit positivt omdømme av barnehagen.
Første steg 08.03.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt