AddToAny

Kjølegare arbeidsmarknad for dei fleste - brennheitt for helsefagarbeidarane

Helsefagarbeidarar er stadig meir ettertrakta på arbeidsmarknaden. Nye oppgåver gjer faggruppa attraktiv, og etterspurnaden vil nok bli enda større, trur fagforeiningstopp Iren Luther.
Den norske arbeidsmarknaden er framleis heit, men etterspurnaden etter arbeidskraft minkar. Det viser nye tal frå Bedriftsundersøkinga til NAV for 2023.

Ei yrkesgruppe skil seg ut: Helsesektoren treng fleire helsefagarbeidarar - og underskotet blir alt større.

Totalt oppgir NAV-rapporten at 52.850 arbeidstakarar manglar frå den norske arbeidsmarknaden, ein nedgang frå fjoråret da bedriftene kunne melde at fleire enn 70.000 tilsette mangla.

Sjukepleiarunderskotet minkar

I år som i fjor er underskotet på arbeidskraft størst i helse- og sosialsektoren. Sjukepleiaryrket er den yrkesgruppa, uavhengig av næring, der det er størst underskot i 2023: Totalt 4650 sjukepleiarar og 600 spesialsjukepleiarar.

Medan underskotet på sjukepleiarar har minka med 26 prosent på eit år, har underskotet på helsefagarbeidarar gått opp, frå 2600 til 2700.

I medvind

Utviklinga går stikk i strid med trenden på arbeidsmarknaden i stort, der bedrifter i så godt som alle yrkesområde opplyser om at dei manglar færre arbeidstakarar enn dei gjorde for eit år sida.

- Det er vanskeleg å gi ei heilskapleg forklaring på kvifor akkurat helsefagarbeidarane er blitt større mangelvare på arbeidsmarknaden. Men vi kjenner til ein del faktorar som kan stå bak, seier Iren Luther, leiar for Yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Kan brukast til fleire oppgåver

Tidlegare i år kom rapporten frå den regjeringsutnemnde Helsepersonellkommisjonen, som tok for seg korleis landet skal s

Les mer

Flere saker fra Fagbladet

Nyttårsrakettene rekker så vidt å treffe bakken før det settes krisestab og varsles unntakstilstand på Sørlandet. Den skyldige? Snøen.
Fagbladet 20.02.2024
25. mars 1994, EU-debatt på NRK-TV. Det kan godt tenkes at Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Jagland tenkte at man kan komme langt med et smil, men noen ganger så når du bare ikke fram.
Fagbladet 20.02.2024
NORGE I VERDEN
Fagbladet 20.02.2024
Mange samer opplever at de sliter i kontakt med helsevesenet. Med fellesskap, trivsel og kultur- og språkforståelse gjør helsefagarbeider Astrid Nordfjell dørstokkmila litt kortere.
Fagbladet 20.02.2024
Rett over nyttår blusset en litt merkelig debatt opp om foreldre som leverte barna sine i barnehagen selv om de ikke skulle på jobb.
Fagbladet 20.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt