AddToAny

- Kjærleik overvinn ikkje alt

- Kjærleik overvinn ikkje alt
Vintersola flaumar inn i ei stove med friske blomster på alle bord, der Olaug Nilssen tar imot og er sliten.
- Det er premierebukettar, seier husdiktaren ved Den Nationale Scene i Bergen, og viser takksam til alle blomstrane.

Førestillinga «Stort og stygt» har nettopp hatt suksessrik premiere på teateret inne på Engen i byen, åtte kilometer unna den lyse stova på Bønes.

- Det var så fint, alt saman, både framsyninga og dei gode responsane, men ein kan bli sliten av glede og takksemd òg, seier ho.

Men at Olaug Nilssen er sliten, heng òg saman med årsaka til at ho slutta i det ærerike vervet som ein av to representantar for norske forfattarar i Norsk kulturråd.

- Kvinner skal seie ja, sa dåverande kulturminister Anniken Huitfeldt da småbarnsmora Olaug i 2010 bad om tenkjetid før ho tok imot vervet. Dermed sa Nilssen ja. I 2013 har ho likevel slutta i Kulturrådet og blitt leiar i foreldras arbeidsutval (FAU) ved Tveiterås skole, ein spesialskole i Bergen.



At ho slutta som kulturrådsmedlem og blei FAU-leiar, kjem av at ein av replikkane i stykket «Stort og stygt» er sjølvopplevd. «Han kan ikkje vere her,» glapp det ut av ein barnehagetilsett da Olaug henta den eldste av dei tre gutane sine. Han er ni år i dag og storebror til ein seksåring og ein fireåring.

Meir om det snart. Nå set Olaug Nilssen fram te og fersk heimebakt krydderkake, og eg blir både glad og flau: - Kva med te og krydderkake, hadde eg svart som ein fleip da Olaug i e-post spurde om eg ville ha mat under intervjuet. Eg ville vise at eg hadde førebudd meg.

Forfattarskapen til Olaug Nilssen er svært variert, og inneheld mellom anna ein biografi om artisten Sigvart Dagsland. Boka om Dagsland har vore ei uvanleg sterk kjelde til biografens eige liv. Vi lærer at unge Olaug var aktiv i Ten Sing heime i Solheimsdalen i Førde i Sogn og Fjordane, eller Skoddeheimen, som ho i to romanar kallar staden. Framleis kan ho altstemma på Dagsland-songar. Misjonsrørsla stod sterkt i Solheimsdalen, og misjonen smakte og lukta godt av te og krydderkake, fortel ho om seg sjølv i boka om Dagsland.

Vi nyttar kakestunda til oppsummering: Foreldra var lærarar, og dei fekk ei dotter kvart anna år i ti år, til dei hadde fem. Olaug er nest eldst. Ho har vore viss på at ho skulle bli forfattar sidan ho vaks frå draumen om å bli butikkdame.

21 år gammal debuterte ho med romanen «Innestengd i eit udyr». Etter tre godt mottekne bøker til, ko
Gå til mediet

Flere saker fra Utdanning

– Garnet sitter fast! roper Signe.
Utdanning 04.09.2026
Ikke alle elever er begeistret over en bok som skal bidra til å oppdra sanne patrioter med «sunne» verdier.
Utdanning 04.09.2026
Meldar: Kirsten Flaten, dosent ved Høgskulen på Vestlandet Vurdering for læring er eit kjent omgrep i pedagogikk, og boka tar opp vurdering i skulen, både på godt og vondt.
Utdanning 04.09.2026
En endring i innkjøpsordningene gjør at 700 skoler kan få gratis bøker fra Kulturrådet fra neste år.
Utdanning 04.09.2026
Et barn som sover alene i tunnelen til en sklie. To barn forsvinner på tur. En ansatt er alene med 21 unger på avdelingen. Hver av disse hendelsene kunne ha fått alvorlige konsekvenser.
Utdanning 04.09.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt