AddToAny

Kan vi få fleire mannlege barnehagestudentar til å slutte å slutte?

Det er fullt mogleg å redusere fråfall av menn frå barnehagelærarstudiet ved hjelp av relativt enkle tiltak.
Det har lenge vore arbeidd for betre kjønnsbalanse i barnehagelærarutdanninga. Nasjonale likestillingsplanar har hatt mål om å rekruttere fleire menn til utdanninga og sørgje for at fleire gjennomfører studiet (Barne- og familiedepartementet 1995, 1998, 2004; Kunnskapsdepartementet 2006, 2008). Fråfall frå studiet er ei tilbakevendande utfordring: «I tillegg til rekruttering av nye studenter vil det være viktig å arbeide for bedre gjennomføring, slik at flest mulig faktisk kommer ut i læreryrket.» (Kunnskapsdepartementet, 2018).
Ifølgje Hovdhaugen (2012) finn vi årsaker til at studentar droppar ut av studiet på individuelt nivå, institusjonelt nivå og systemnivå.

FLEIRE ÅRSAKER TIL FRÅFALL
På individuelt nivå handlar det om studentane, til dømes sosial bakgrunn, motivasjon og evner. På institusjonelt nivå er fråfall knytt til utdanningsinstitusjonen, som korleis nye studentar vert tekne vare på, og kva innhaldet i studiet er.
Systemnivået ser på årsaker til fråfall som ligg i utdanningssystemet. Fleire forskarar har vist at det som skjer etter at studentane har starta på ei utdanning, er viktigast for å forklare fråfall (Hovdhaugen, 2019). Studiar viser også at høgt tal på kvinnelege studentar i ei utdanning gir større sjanse for at mannlege studentar ikkje fullfører utdanninga (Mastekaasa & Smeby 2008).
Abrahamsen & Nedregård (2018) har vist at fråfallet blant mannlege studentar er dobbelt så høgt som for kvinnene ved profesjonsutdanningane ved OsloMet. Nielsen (2016) hevdar at mangelen på mannlege rollemodellar og ei tradisjonell feminisert utdanning gjer det krevjande for menn å ta del i utdanninga. Rønning (1999) fann at mangelen på sosial integrasjon og laus tilknyting til utdanninga auka risikoen for fråfall. Koch og Farquhar (2015) hevdar at det finst «glasdører» i institusjonane som hindrar menn i å ta fullt og heilt del i eit studium.

MÅL OG INNHALD I PROSJEKTET
Tidlegare studiar har konkludert med at fråfall frå barnehagelærarstudiet er noko utdanningsinstitusjonane i liten grad kan gjere noko med (Askland & Nordfjell, 2009; Slaatten et al., 2010). Med bakgrunn i eigne erfaringar ville vi utfordre desse påstandane. Utviklingsarbeidet vårt inneheld tiltak som skulle redusere kjensla av å vere ein minoritet i utdanninga og styrkje motivasjonen for å fullføre studiet.
Dei mannlege studentane si fellesskapskjensle skulle støttast ved 1) å samle dei i nokre få kjønnsblanda klasser 2) å samle dei (2-4 studentar i kvar barnehage) i praksisperiodane 3) å arrangere to praksis-seminar for mannlege studentar Tilgang til mannlege roll
Gå til mediet

Flere saker fra Første steg

Første steg 29.05.2026
– Tar ansatte seg tid til å dele små inntrykk fra barnehagehverdagen med foreldre, vil det bli lettere å ta opp vanskelige ting seinere, sier forsker Vibeke Glaser.
Første steg 29.05.2026
Det er fredag i utetiden, og været er sånn passe. Vinden tar godt tak i kinnene til barna. En liten gruppe med barn syker rundt beina mine. De vil jeg skal være med dem bort til porten.
Første steg 29.05.2026
Etter et år med musikksamlinger har barna fått større ordforråd, og de ansatte er blitt tryggere på å bruke sang og musikk i barnehagen.
Første steg 29.05.2026
Barnehager over hele landet inviteres til å gå ut og telle insekter i forbindelse med Verdens miljødag 5. juni.
Første steg 29.05.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt