AddToAny

Kan leik og læring skiljast?

Kan leik og læring skiljast?
Større vekt på læring treng ikkje innebere mindre leik, men vi pedagogar må vere medvitne på korleis vi møter leik og læring i det daglege.
Barn sin rett til leik er innskriven i FN sin barnekonvensjon, artikkel 31. I ei tid der barnehagen er utsett for større læringstrykk og krav om målbare resultat er det interessant å sjå om omgrepa kan sjåast i samanheng eller må studerast kvar for seg. Kan vi når læringstrykket aukar risikere at læring går på bekostning av den frie leiken?



LÆRINGSMILJØ

Barnehagen vert i dag stilt overfor større krav til læringsresultat, måling og tidleg innsats, noko som aukar presset på barnehagen til å vere ein læringsarena. Det vert likevel for enkelt å hevda at leik og læring ikkje kan sjåast i samanheng. Då tek vi ikkje omsyn til at der skjer mykje utilsikta læring når barn leikar (Brostrøm i Lillemyr 2014; Olofsson 1993, Øhman 2012). Når barn får utvikla gode leikerutinar, vil det vere sannsynleg at dette

også er eit stimulerande læringsmiljø. Men dette fordrar at pedagogen legg til rette for at den gode leiken får utvikla seg. Leiken må kome først, så læringa (Melaas 2013, s. 117).



LÆRER SOSIALE REGLER

Kunsten må vere å leggja til rette for meir fri leik og på same tid sjå den læringa som finst i leiken. Læring skjer i alle situasjonar, og det er ikkje mogleg å føreseie når dei viktigaste læringssituasjonane oppstår (Pålerud 2013, s. 45). Barn lærer til dømes sosiale reglar gjennom leik. Dei lærer og å løyse konfliktar, og det å ta den andre sitt perspektiv (Olofsson 1993, s. 118-120; Ruud 2010, s. 20-22).

Om fokus berre er på læringsresultat og måling, er det klart at læringa vert instrumentell og kan gå på bekostning av leiken. Men om vi tør å sleppe styringa og leggja til rette for meir fri leik, oppstår det kanskje vel så verdifull læring der, som i dei organiserte aktivitetane. (Pålerud 2013, s. 33).



INNHALD SOM DIDAKTISK MÅL

Instrumentell tenking kan vere rimeleg i pedagogisk praksis, men overtramp skjer om vi ikkje erkjenner skiljet mellom instrumentell (teknisk) fornuft og den praktisk-etiske fornu
Gå til mediet

Flere saker fra Første steg

Å gå seg bort i skogen kan lære barna krisehåndtering, sier barnehagelærer Ive Tandberg. Hun mener naturen er den beste arenaen for livsmestring.
Første steg 08.03.2024
Tyskland har økt antall menn i barnehagen betraktelig, mens Norge står på stedet hvil.
Første steg 08.03.2024
1 SVERIGE Kravstore foreldre
Første steg 08.03.2024
- Å elske barn akkurat slik de er, er noe av det barnehagelærerne kan lære av bøkene om Emil fra Lønneberget, sier Astrid Lindgrens barnebarn Olle Nyman.
Første steg 08.03.2024
Vi kan ikkje slutte å fortelje om konsekvensane av låg bemanning sjølv om vi ønskjer å skape eit positivt omdømme av barnehagen.
Første steg 08.03.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt