Khrono
05.12.2017
UiB. Masterprogrammet i teatervitskap i Bergen var trua. No er det klart at dei slipp å leggje ned. - No er eg veldig glad. Og litt rørt, faktisk.
Det sa førsteamanuensis Keld Hyldig til På Høyden like etter fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet har gjort vedtak i saka om bemanningsplanen: Teatervitskap slepp å kutta ei vitskapeleg stilling. I staden får ikkje historie tilsetja i stillinga som vert ledig i 2019.
Les merPå tilhøyrarplassane i styrerommet satt studentar frå teatervitskap. Jubelen begynte så vidt inne i salen, og heldt fram på gangen utanfor. Vedtaket betyr at faget framleis kan ha studentar på både bachelor- og masternivå.
- Brot med strategien
Ann-Kristin Helland Gujord representerer Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) i fakultetsstyret. Ho argumenterte sterkt for at teatervitskap framleis skal ha tre vitskepelege stillingar.
- Å kutta hos teatervitskap opplever eg som eit brot med UiB sin strategi. Der står det mellom anna at ein skal styrka relasjonane til næringsliv og kulturliv. Teatervitskap utdannar kandidatar til kultursektore


































































































