Kva er det vi skal oppnå med norsk landbruk? Kva for mål har vi?
Vi skal produsere god, trygg mat, ha landbruk i heile landet, og ha ein sjølvforsyningsgrad som er minst på dagens nivå, har du kanskje høyrt politikarane seie.
Men kva betyr det? I røynda får vi færre og færre bruk, og sjølvforsyningsgraden har gått ned dei siste åra.
No etterlyser økobonde Gjermund Haga at måla i landbruket blir operasjonalisert og konkretisert, og at jordbruksavtalen blir vurdert opp mot disse måla.
- Vi treng ein målestokk for kor vidt ein avtale er fruktbar for å nå måla i jordbrukspolitikken. I dag er det eit einsidig fokus på inntekta til bonden. Det er eit altfor snevert fokus. Landbruket skal oppfylle ei rekke kollektive mål - det er derfor Stortinget lø


































































































